[01.03] På årsmøtet i Etne Elveigarlag i kveld 1. mars, vart det vedtatt at Etneelva vert stengt for fiske, sesongen 2010.
Her kan ein lesa intervju med formann i Etne Elveigarlag i Haugesunds Avis, og her i Grannar.
Eg kjem tilbake med meir info seinare.
Jakob
[31.08] Tirsdag 1. september 2009 kl 18:00 vert årets fiskesesong avslutta.
Dette vart bestemt på ekstraordinære årsmøte i Etne Elveigarlag den 28/8-09.
Me beklagar ulempene dette fører med seg for dei som har bestilt fiske.
Dei som vert berørt av dette vil få tilbakebetalt innbetalt leige for døgn som dei mister. Dette vil skje i løpet av september månad til den kontoen som fiske opprinneleg vart betalt frå.
Ingenting er bestemt ennå, men det ligg vel i korta at neste års sesong kan verta redusert, men dette er slikt som vert bestemt på eit "høgare" plan, forhåpentlegvis før 1. mars 2010
Eg skal prøve å informere her når eg veit noko meir.
[24.07] Etne Elveigarlag har på bakgrunn av evalueringa som vart tatt etter halvgått sesong, vedtatt følgjande endring i fiskereglane for sesongen 2009:
"Med verknad frå 1. august 2009 - og for resten av fiskesesongen - vert fiskereglane endra slik at det berre kan fiskast ein fiske pr. stang pr. sone. Hofisk skal setjast ut att i elva. Unntaket er å fylle kvoten av hofisk til Guddalsprosjektet.
Utviklinga dei næraste vekene vil vera avgjerande for om det må setjast inn ytterlegare tiltak som t.d. stenging av elva for resten av sesongen. Det vil også bli vurdert stopp i fiske ved ekstrem låg vassføring. Tilsynet må også skjerpast."
(Guddalsprosjektet går kort ut på at Etnevassdraget/-fjorden skal levere opp til 10 laksefamiliar (10 ho + 10 hannfiskar) i samband med eit forskningsprosjekt.)
Det svært låge fangstresultatet, og vesentleg mindre oppgang av fisk, hittil i år (samanlikna med tidligare år) er bakgrunnen for vedtaket, som ein håper skal sikre ein tilstrekkeleg gytebestand.
Endringa er i samsvar med godkjent driftsplan.
[27.05] Ja då var fiskekorta pakka i konvoluttar, og klar for sending.
Eg sender ikkje ut fiskekorta til dei 3 personane som har opningsdøgnet hos meg. Dei får desse utlevert på sone 7 om kvelden før fiske starta.
Eg har lagt ut eit par ledige døgn i juli som ikkje er betalt. Det kan og hende det kjem fleire.
[25.03] Hei, ein del av dåken har vel sett at det pågår førebyggingsarbeid i sone 8?
Yttersvingen skal forsterkast, det "neset" i innersving som presste elveløpet mot yttersvingen er meir eller mindre borte nå, elvebotnen i innersving er blitt djupare, ein har prøvd å få løpet av elva til å gå meir i innersving. Eg håpar sone 8 etter dette skal bli ein betre fiskehøl å fiske i.
Det er og blitt forsterka førebygging på nordsida av sone 9, frå ca 10 meter ovanfor brua, og oppover.
[18.02] Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK. Vêrvarsel for Etne, og Radarbilde for Etne
[08.10] Då var sesongen 2008 definitivt over, og me er begynt å sjå framover til neste sesong. Ei stor takk til alle som har fiska hos meg i år, og eg håpar dei kjem tilbake i 2009.
Eg har levert fangstrapportane vidare, men det er fortsatt ein del fiskekort eg ikkje har fått inn. Dette kan resultere i at det er blitt underrapportert fangst.
Eg har fått eindel spørsmål om kva tid eg begynner å legge ut neste års fiske, og planen er å ha dette klart rett over nyttår (telefonsalg), og så legge ut resten av fiske for salg (på internett), i månadskiftet februar / mars.
[06.06] Eg vil minne om at absolutt ingen skal få slippe til å fiske i Etnevassdraget uten å ha et gyldig bevis på at alt fiskeutstyret er desinfisert og kontrollert! Dette kan du lese meir om, i den arbeidsinstruks som Etne Elveigarlag utarbeidde i 2001.
Det er i fra i år av mulig å kjøpe og betale "Fiskeravgift", via nettet.
Alle som har fylt 16 år og skal fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i vassdrag, eller fiske etter nevnte arter med faststående redskap i sjøen, skal betale fiskeravgift. Fiskeravgifta betales som årsavgift og gjelder fra 01/04/2008 til 31/03/2009.
Jakob Sørheim
Gjerde Laks
Gjerderetten sone 4 til 9
[03.06] Då var me i gang med årets laksefiske. Vannstanden er bra, det er slutt på dei kalde nettene, så då kom snøsmeltevatnet.
Det er meldt om bra fiskeforhold, og det er tatt brukbart med laks. Dei fleste er tatt på makk og spinner.
Størrelsen er og bra, den største laksen som vart tatt i opningsfiske var på 12,7 kg.
"Skitt fiske"
Jakob
[20.05] Alle bestilte fiskekort er nå utsendt, husk å levere dei tilbake i utfyllt stand, kl 18:00 den dagen fisket sluttar. Legg det i postkassen på sonen, eller i postkassen på sone 7
[28.04] Eg begynner å lage til fiskekorta for sesongen 2008 nå, og reknar med at dåken skal ha dei i hende omlag 25. mai.
NB! Det er i år særs viktig at eg får fiskekorta tilbake etterkvart som dei er brukt, og i utfyllt stand.
Grunnen til dette er at me ut i juli skal ta ei opptelling på kor mykje fisk som er tatt.
Det er ikkje godt nok å levere inn fangst til fiskebørsen. Eg skal ha alle utfyllte fiskekort tilbake.(sjølv om du ikkje ikkje gar fått fisk)
[24.02] Eg har nå lagt ut dei fiskedøgna som eg har ledig for 2008 sesongen.
Booking systemet er som i fjor.
Nokre av dei bestillingae som eg allereide har mottatt er ikkje 100% bekrefta ennå, så det kan hende eg kjem til å legge ut fleire datoar viss eg får avbestillingar eller liknande.
[24.02] Eg holder nå på med å legge ut dei ledige fiskedøgna for 2008, så i ein liten periode frå 13:30 til 15:30,så vil det sjå ut som om alle soner er ledige.
Det er dei ikkje, men det er sånn den tekniske løysinga i programmet er, så eg ber dåken vente til eg legg ut ein ny "Nyhet" som seier at eg er ferdig, og at det er klar til bestilling.
[19.02] Fylkesmannen i Hordaland har nå godkjent fisketidene for Etne elva og skriv mellom anna dette på sidene sine:
Etneelva
Fisketida i Etnevassdraget vert som dei siste 5 åra, etter at fagrådet har gjeve innspel om at det vert innført døgnkvotar på 2 villfisk pr fiskar. Dei har og lagt opp til redusert uttak av fisk i dei to fossane som er vanskelegast for fisken å passere, og laga tiltaksplan for ytterlegare reduksjon i uttaket av fisk om det i løpet av fiskesesongen ser ut til å bli lite gytefisk. I tillegg vil dei sette i verk omfattande uttak av rømt fisk i vassdraget, mellom anna ved hjelp av dykkarar.
[03.02] Det er vel ein del av dåken som lurer på om eg ikkje skal legge ut dei "ledige døgna" snart?
Grunnen til at det ikkje er gjordt ennå er følgande:
Elveigar laget har frist på seg til 15. februar med å laga ein "plan" for fisket i Etneelva som fylkesmannen v/Kambestad kan godkjenne, og som då skal vidaresendast til direktoratet/departementet for godkjenning. Der er fristen 1. mars. (dette kan i verste fall dra ennå lenger ut)
Endringar som kan komme på tale er: Endring av åpning og slutt dato, begrensingar på enkelte soner, og begrensingar på alle soner med hensyn til antall fiskar pr døgn med meir.
Eg har motatt ein del bestillingar på fisket, ut frå samme åpningsdato som i fjor, men med den usikkerheten som er, så har eg bestemt meg for å ikkje ta i mot fleire bestillingar før me er 100% sikker på korleis sesongen 2008 blir med hensyn til åpningsdato med meir.
[18.12] Vil med dette ønske alle gamle og nye kunder ei god jul, og eit godt nytt år.
Frå midten av januar kjem eg til å legge ut det eg har til salgs av fiske i Etne elva for sesongen 2008
[28.07] Eg har fått svært lite fiskekort tilbake i utfyllt stand.
Som eg har skrevet andre plasser her på sida, og likeens i skrivet som fulgte med når eg sendte ut fiskekortet, så må eg få fiskekortet tilbake ferdig utfyllt når fisket er over.
Det er ikkje godt nok å melde eventuell fangst inn på lakse børsen.
Eg må rapportere inn til FMH antall og vekter på all fisk som blir tatt, så derfor er det viktig at fiskekorta er rett utfyllt
Send dei til meg, eller legg dei i postkassen på sone 7 eller 8.
(Eg håper at eg slepp å måtte begynne med "pant" på fiskekorta for å få dei tilbake.)
[07.07] Har 3 ledige døgn på sone 7 i august. Først til mølla, først male.....
[22.06] Då er det gått 3 veker av denne sesongen alt, været har ikkje vore heilt ideelt med tanke på laksefiske, med mykje sol og varme, og lite nedbør.
Det har resultert i at vannføringa i Etne-elva har falt svært mykje, noko som igjen har ført til at fangsten av laks og ørret ikkje har vore heilt på topp nå i det siste.
Har fått nokre nye bilder i "galleriet", og viss det er noken som har tatt noken fine bilder mens dei har fiska i "Gjerderette" og vil dele dei med andre, så er det berre å sende dei til meg så skal eg sjå om eg kan få lagt dei ut.
[04.06] Ja då er laksefiske i Etne elva begynt, det har blitt fiska nokre døgn i Gjerde retten, og me må seie oss fornøyd med fangsten så langt. Det har vorte tatt bra med laks i sonene, og størrelsen på laksen er det heller ingenting å sei på.
Sone 6 som me har vore spent på, viste seg frå sin beste side det andre fiske døgnet då Morten Kambe tok 3 fine lakser i sonen. Eg er blitt lova bilder frå begivenhetene, og dei vil bli lagt ut når eg får dei.
[24.05] Ja, då er eg begynt å skrive ut fiskekorta for det fiske som er bestilt fram til nå. Eg reknar med at eg skal gjere meg ferdig med det i løpet av helga, og då skal korta vere hos dåken i god tid før dei første skal begynne å fiske.
Eg benytter anledningen til å nemne at fiskekorta skal fyllast ut og leverast tilbake til meg etter endt fiske.
Fangsten registrerer du i felta på fiskekortet, ingen fangst registrerest med ein "0".
Registrering av fangst på "fiske-børsen" erstatter ikkje denne innleveringa.
[06.05] Ja, då seie me oss ferdige med web sida, i denne omgang. Det skal komme nye bilder for alle sonene, men vil eg vente til "våren" er skikkeleg komen før me tar dei.
Tilbakemeldingar på web sida og booking systemet, det vere seg positive eller negative, hadde vore greitt å fått. Det gjer det litt enklare når me skal revideres den.
Eg la ut et par nye bilder frå sone 6, som viser korleis det ser ut der etter at arbeidet er ferdig. Håper den blir bra som fiskesone, tilbakemeldingane frå dei som venter på å få prøve laksefiske i sonen er i alle fall positive.
Det er rundt 3 uker til fiskesesongen begynner nå, vannstanden er bra, og det er komen litt regn i dag. Det varme veret den siste veka har vel gjordt at ein del av smeltevattnet frå fjellet allerede er komen ned, men det er fortsatt ein god del snø att i fjellet.
[23.04] Då er dei nye websidene til Gjerde Laks klar, og eg benytta anledningen til å ønska alle velkommen.
Dei første bestillingane er allerede komen inn så ”booking” systemet virker bra. Det gjenstår nokre små justeringar her og der, og dei skal me ta etterkvart.
Bildene i bilde galleriet skal eg oppgradere når eg har nye aktuelle bilder, og aktuelle nyheter skal eg oppgradere når eg har det.
Det hender at eg får avbestillingar eller endringar, og dei ledige døgna vil eg då legge ut på nytt i "Ledige datoer"
Jakob Sørheim
Gjerde Laks
Gjerderetten sone 4 til 9