|
|
||||||||||||||||
[05.05] Her kjem dei ledige sonane som eg har for sesongen 2012.
NB! Minner om at det er nye prisar dette året, eg klarer ikkje å endre dei prisane som viser på bestillinga. Skal klare å endre det før 2013 sesongen.
For dei som har bestilt via mail/telefon, så er faktura utsendt nå.
[14.02] Eg er byrja å ta i mot nokre ønsker / bestillingar på fiske for 2012, viss elva vert opna for fiske.
Gjerde fiskesameige (Gjerderetten) sone 4 til 9 har bestemt at det ikkje vil vere tillat å fiske med makk i sonane våre.
Det er nye sone satsar frå sesongen 2012. Dei nye satsane er:
Sone 4 kr 800
Sone 5 kr 800
Sone 6 kr 650 uforandra
Sone 7 kr 900
Sone 8 kr 650 uforandra
Sone 9 kr 800
Det ser ikkje ut til at eg klarar å oppdatere prisane inne på bestillings skjemaet.
[21.01] Etne Elveigarlag har bestemt seg for å opne Etne elva for fiske i sesongen 2012.
Fortsatt er den endelige avgjersla hos Direktoratet for naturforvaltning, kor det skal avgjerast om elva vart open for fiske frå 15.6. til 15.8.
Den avgjersa vil dei ta omlag 20. februar.
Det vil kome nye fiskereglar for Etne elva, som eg kjem til å publisere her på sida i løpet av nokre dagar.
Nokre av endringane i reglane er nemde i dette intervjuet.
[22.12] Fleire av Dykk har fått med seg oppslaga i Haugesunds Avis og liknande, der dei antydar at det det kan verta opning av Etne elva i 2012.
For å få litt meir klarhet i kva tid me veit om Etne elva eventuelt vert opna, så har eg tatt kontakt med formannen i Etne Elveigarlag, Vidar Børretzen for å få litt meir klarhet i saksgangen som er med å bestemmer om det vart opning av Etne elva i 2012.
Her er svaret eg fekk:
"Direktoratet for naturforvaltning føreslår ei endring i fisketida for Etneelva som betyr fiske frå 15.6. til 15.8.
Høyringsfristen er 20. januar, og endeleg vedtak i DN vil vera ca. 20. februar.
Me tek sikte på årsmøte i Elveigarlaget innan utgangen av januar, og dersom me då bestemmer oss for opning, får me ikkje noko endeleg avgjer om fisketid før ca. 20. februar."
Medan me ventar på at saka skal gå sin gang, vil eg nytta høve til å ønske alle ei God Jul og eit Godt Nyttår.
Jakob
[22.12] Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK. Vêrvarsel for Etne, og Radarbilde for Etne